Julesanger

Det hev ei rose sprunge

Tekst:
Peter Hognestad
Melodi:
Michael Praetorius

[ Lytt til melodi]

- 1 -

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot så grann.
Som fedrene hev sunge
av Isais rot ho rann,
og var ein blome blir
midt i den kalde vinter
ved mørke midnattstid.

- 2 -

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag;
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.

- 3 -

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Publisert i henhold til åndsverksloven §40 om opphavsrettens vernetid

Nå også på mobilen din:
Utskriftsvennlig versjon
Send gjerne flere sanger til san...@stille-julenatt.org
Tips en venn:
Det hev ei rose sprunge Sangteksten til Det hev ei rose sprunge fra www.stille-julenatt.org.